Autosøk

Produksjonsarbeidar

Bjarne Espe Trevarefabrikk As

Hjalmavegen 199, 6773 Nordfjordeid

CV-treff

Din CV?%

Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV

Stillingsbeskrivelse

Produksjonsarbeidar

Er du handverkskyndig, nøyaktig og klar for å gje kundane våre draumekjøkkenet sitt?

Om jobben

Som produksjonsarbeidar blir du ein del av laget som produserer våre skreddarsydde kjøkken før dei blir leverte til kunden. Vi ser etter deg som er praktisk anlagt, nøyaktig og likar å skape noko med hendene.

Kva vi ser etter

Vi ser etter deg som er stolt av jobben du gjer og som ønskjer å vere ein del av eit lag der alle bidreg til sluttresultatet.

Vi tilbyr

  • Fast jobb i ei solid og lokal familiebedrift
  • Konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår
  • Tenestepensjon og ordna arbeidstid
  • Varierte arbeidsdagar og gode kollegaer
  • Høve til å jobbe med skreddarsydde produkt der kvalitet og godt handverk står i sentrum

Om bedrifta

Bjarne Espe Trevarefabrikk AS (kjend for Nordfjordkjøkkenet) i Hjelmelandsdalen er ei tradisjonsrik bedrift med snart 80 års erfaring innan kvalitetshandverk.

Krav

  • Du har praktisk bakgrunn og interesse for trevarefaget.
  • Du er nøyaktig og tek ansvar for kvaliteten på arbeidet ditt.
  • Du har eit ønske om å lære og utvikle deg i rolla.
  • Du bidreg positivt til arbeidsmiljøet.
  • Det er ein fordel om du har erfaring frå trevareproduksjon, møbelproduksjon eller CNC.

Ferdigheter

TrevareproduksjonMøbelproduksjonCNC-køyringHandverkKvalitetskontrollPraktisk arbeid

Erfaring

junior

Lignende jobber